Shopping basket
Munnharpe - Sigurd Brokke (1CD + 1Bonus-CD)
Etter at eg i mange år har granska eldre arkivopptak med munnharpespel, har eg dei siste åra konsentrert meg mest om å leite etter anna folkemusikk-stoff frå Setesdal som òg kan vere høveleg å bruke på dette instrumentet. Eg har no spela inn ei plate som inneheld mange "nye" munnharpeslåttar og anna "nytt" tonestoff, basert på fele- eller vokaltradisjonen. For slåttane har det ikkje alltid vore eit mål å lage så nøyaktige munnharpeversjonar av feleslåttane som råd er. Dei to instrumenta er ulike på mange vis, så eg kjenner meg ikkje heilt bunden til feletradisjonen. Slik har det nok òg vore i eldre tid. På gamle arkivopptak kan ein finne munnharpeformer som er temmeleg ulike feleformene frå same området. Samstundes finn ein munnharpeslåttar som inneheld element frå fleire ulike feleslåttar. Daniel Sandén-Warg deltek på plata som gjesteartist, med fire slåttar på hardingfele.Det fylgjer òg med ein "bonus-CD" til utgjevinga. Her er det berre munnharpespel. "Bonus-plata" vart spela inn samstundes med "hovudplata" og inneheld nye versjonar av slåttar eg tidlegare har gjeve ut. Heftet inneheld informasjon om alle slåttane og stevtonane på platene. Teksta er på norsk og engelsk. Nordi-Brokke, 14. april 2012, Sigurd Brokke
Etnisk Musikklubb AS | Phone no.: +47 32 73 56 60 | Fax no.: +47 32 73 56 61 | bestilling@etniskmusikklubb.no |